Ved Færder fyr i Vestfold kjem våren heile 22 dager tidligare no enn for 30 år sidan.

Foto

Meteorologisk institutt

 

Her startar våren 22 dagar tidlegare

Publisert: 19. mars 2021 kl 09.17
Oppdatert: 19. mars 2021 kl 09.28

– Vi ser ei veldig tydeleg utvikling. Vinteren blir kortare, medan sommaren blir lengre, og det gjer at våren blir forskuva. Den kjem stadig tidlegare, seier klimaforskar Reidun Gangstø Skaland ved Meteorologisk institutt.

Årstidene i Noreg har endra seg som følgje av den globale oppvarminga.

– Mildvêret kjem tidlegare på året enn før, noko som gjer at det blir tidlegare grønt. Samtidig påvirkar det snøsmeltinga, og gjer at vårflaumane kjem stadig tidlegare. Skisesongen blir også kortare, seier Skaland.

For å sjå på endringa over tid har vi samanlikna gjennomsnittstemperaturen i dei to normalperiodane 1961-1990 og 1991-2020.

Tala viser at våren startar tidlegare i heile landet. Ved Færder fyr startar våren heile 22 dagar tidlegare enn for 30 år sidan. Dei fleste stader er endringa på ei til to veker.

Våren er over null

Den meteorologiske definisjonen av vår er når middeltemperaturen gjennom døgnet ligg mellom null og ti gradar. Men det finst ein regel til. Den seier at døgnmiddeltemperaturen også må vere stigande gjennom perioden for at vi kan kalle det vår.

Saken fortsetter under annonsen

Ingen vinter på Vestlandet

På Vestlandet vil ein gjerne finne at døgnmiddeltemperaturen i gjennomsnitt ligg over null gjennom heile året, slik som i Bergen og Stavanger. Desse stadene har derfor ikkje vinter, reint klimatologisk sett.

– Det betyr ikkje at det ikkje er dagar som er kalde på vinteren, men når vi brukar den offisielle metoden for å berekne vårens start, så blir nokre av temperatursvingingane glatta ut, seier Skaland.

Den offisielle klimatologiske metoden for å finne ut når våren startar, er å først berekne døgnnormalar (gjennomsnitt for kvar dag i normalperioden) som ei glatta kurve gjennom månaden, og deretter finne startdatoen blant desse estimerte døgnnormalane.

Så mykje tidlegare startar våren

Her kan du sjå når våren statistisk sett kjem til deg, og kor mange dagar tidlegare den kjem no enn for tredve år siden.

Saken fortsetter under annonsen

Ledige stillinger – Mat og Marked jobb